Dekor lav

Utleggsforretning

Krav som ikkje blir betalte frivillig, kan vi sikre med å vedta trekk i inntekt eller pant i ei utleggsforretning.

I ei utleggsforretning avgjer vi om det du skulder skal krevjast inn gjennom pant i eigedelar eller eigedom, trekk i inntekt eller begge delar.

Betalingsmerknad

Utleggsforretninga fører til at det blir registrert einbetalingsmerknadpå deg. Ein betalingsmerknad vil gjere det vanskeleg å få nye lån, kredittar og abonnement som til dømes mobilabonnement.

Du må betale heile kravet for å få fjerne betalingsmerknaden.  

Du kan stoppe utleggsforretninga med å betale

Du kan stoppe utleggsforretninga med å betale heile kravet, inkludert renter og kostnader. Pengane må vere registrerte hos oss før datoen for utleggsforretninga. 

Vanlegvis får du i god tid eit varsel om kvar og kva tid vi skal gjennomføre utleggsforretninga, slik at du får høve til å betale kravet.  

Viss betalinga blir gjort dagen før eller den same dagen som utleggsforretninga blir gjennomført, må du kontakte oss slik at vi kan informere deg om korleis du kan sende over eller vise oss dokumentasjon på at du har betalt. 

Viss du ikkje kan betale no

Har du fått eit varsel om utleggsforretning og ikkje kan betale, bør du gi oss oppdaterte opplysningar om økonomien din (inntekter og utgifter). Viss ikkje, risikerer du å få eit for høgt trekk i lønna eller ytinga.

Dersom du ikkje har nok pengar att til livsopphald, set me ikkje i gang trekk av inntekta di.

Du treng ikkje møte opp

Alle utleggsforretningar blir haldne i lokala våre eller hos namsmannen, avhengig av sak. Du treng ikkje møte opp, men du får eit brev med resultatet.

 

Når du skuldar pengar til staten, har du ansvar for di eiga gjeld. Vi kan ikkje trekkje i inntekta til sambuaren eller ektefellen din.

Vi kan heller ikkje ta pant i deira eigardel av ein eigedom, berre i din eigardel. Viss de vurderer å ta opp nytt lån eller refinansiera eit lån, kan det bli vanskelegare viss det er tatt delvis pant i bustaden dykkar.

Når utleggsforretninga er halden, kan avgjerda vi har tatt få desse konsekvensane for deg:

  • Vi trekkjer deg i inntekt  
    Du blir trekt eit gitt beløp kvar månad av arbeidsgivaren din eller av Nav.
  • Vi tar utleggspant 
    Det vil seie pant i eigedelar (formuesgode), til dømes fast eigedom, bankkontoar eller verdipapir. Vi kan då be om tvangssal av det vi har tatt pant i. Dersom vi tar pant i ein bankkonto, vil kontoen bli sperra for det aktuelle beløpet.