Dekor lav

Pant i eigedelar

Har du eit ubetalt krav som vi tvangsinnkrev, kan vi ta utleggspant i eigedelane dine. Det betyr at vi seinare kan selje det vi har tatt pant i for å dekkje kravet.

Slette pantet

For å få sletta eit utleggspant, må du betale dei krava som er grunnlaget for pantet.

Før eit utleggspant 

For å ta utleggspant i verdiane dine, må vi først halde ei utleggsforretning der vi vurderer korleis vi skal dekkje kravet du skuldar. Vi varslar deg før vi gjennomfører utleggsforretninga. 

Vi kan ta pant i det du eig

Vi kan ta pant i fast eigedom som til dømes hus, hytte eller tomt. Vi kan også ta pant i bankkontoar, verdipapir, bil, båt eller annan verdifull lausøyre. Dette kan vi anten gjere sjølve eller gjennom den alminnelege namsmannen. Hovudregelen er at vi kan ta pant i alle eigedelane eller verdiane som tilhøyrer deg. Du pliktar å fortelje oss om alt du eig som det går an å ta pant i.

Vi vil aldri ta pant i meir enn det som er nødvendig for å få dekt kravet.

For privatpersonar tar me ikkje pant i

  • klede, innbu og andre personlege ting, med mindre dei har veldig høg verdi
  • pengar til nødvendig livsopphald fram til neste gong du får utbetalt lønn eller trygd

Viss me tar pant i det du eig, blir det registrert ein betalingsmerknad på deg.

Ved pant i ein bankkonto

Dersom vi tar pant i ein bankkonto, vil kontoen bli sperra for det aktuelle beløpet. Når kontoen er sperra, kan vi be banken om å overføre heile eller delar av dette beløpet til oss for å dekkje ubetalte krav.

Tvangssal

Dersom vi har tatt pant i noko du eig, kan vi bruke pantet som grunnlag for tvangssal for å få dekt dei ubetalte krava dine. Du vil få eit varsel før eit eventuelt tvangssal.

 

Viss du skuldar pengar til staten, har du ansvar for di eiga gjeld. Vi kan ikkje ta pant i den delen av ein eigedom som ein sambuar eller ein ektefelle eig, berre i den delen du eig.

Viss de vurderer å ta opp eit nytt lån eller refinansiere eit lån, kan det bli vanskelegare viss det er tatt delvis pant i bustaden dykkar.

Du kan som hovudregel klage på utleggspantet fram til vi har bedt om tvangssal av det vi har tatt pant i. 

Klagefristane kan variere frå sak til sak. Klagefristen som gjeld i saka di, finn du i breva du får frå oss.