Klage
Du har rett til å klage på avgjerslene våre. I visse tilfelle må vi sende klagen din vidare til dei som oppretta kravet.
Klagen skal vere skriftleg og må innehalde
- kva du klagar på – til dømes trekk, saksbehandlinga, innkrevjinga eller skattemotrekning. Merk: Bedrifter og organisasjonar kan berre be om at det blir sett av pengar til livsopphald dersom bedrifta er eit enkeltpersonføretak.
- ei forklaring på kvifor du klagar
- kva du vil oppnå med klagen – til dømes at vi stansar trekk eller slettar krav
- underskrift (fysisk eller elektronisk)
- relevant dokumentasjon
Innkrevjinga held fram til klagen er behandla
Merk at klagen din vanlegvis ikkje fører til at vi stansar innkrevjinga av kravet.
Fristar for å klage på avgjerslene våre
Klagefristane kan variere frå sak til sak. Du finn klagefristen som gjeld i saka di i breva frå oss.