Betalingsordningar for førelegg og bøter
Viss du ikkje kan betale heile beløpet med ein gong, er det mogleg å få ei betalingsordning. Det er viktig at du følgjer opp avtalen for at kravet ditt ikkje skal gå vidare til tvangsinnkrevjing og trekk i inntekt.
Vi tilrår at du deler opp heller enn å utsetje betalinga.
Du kan dele opp betalingstida i inntil 24 månader eller minimum 500 kroner per månad.
Viss du har fleire ubetalte krav eller du treng lengre nedbetalingstid
Du må logge inn på Mi side for å søkje om ein nedbetalingsplan viss du
- har fleire ubetalte krav
- ønskjer ei lengre nedbetalingstid enn 24 månader (6 månader for erstatningar)
- ønskjer eit lågare månadsbeløp enn 500 kroner
Dersom du ikkje har høve til å bruke digitale tenester, kan du også søkje på papir. Søknaden må vere skriftleg, og det må gå fram kva han gjeld. Du må leggje ved dokumentasjon på alle relevante opplysningar.
Døme på opplysningar som kan vere viktige å dokumentere:
- om inntekta di har gått ned
- nye utgifter som vi kan ta omsyn til, som ikkje allereie er registrerte
- ein auke i eksisterande utgifter, til dømes husleige
- endra sivilstatus slik at du har vorte åleine om utgiftene
- om du forsørgjer ektefellen/sambuaren din
Du treng ikkje å dokumentere utgifter til livsopphald.
Send søknaden til:
Viss du treng meir enn to månader på å betale, tilrår me at du heller deler opp betalinga.
Dersom du ikkje har høve til å bruke digitale tenester, kan du også søkje på papir. Søknaden må vere skriftleg, og det må gå fram kva han gjeld. Du må leggje ved dokumentasjon på alle relevante opplysningar.
Døme på opplysningar som kan vere viktige å dokumentere:
- om inntekta di har gått ned
- nye utgifter som vi kan ta omsyn til, som ikkje allereie er registrerte
- ein auke i eksisterande utgifter, til dømes husleige
- endra sivilstatus slik at du har vorte åleine om utgiftene
- om du forsørgjer ektefellen/sambuaren din
Du treng ikkje å dokumentere utgifter til livsopphald.
Send søknaden til:
Viss du får betalingsutsetjing, får du ein ny faktura frå oss.
Du kan ikkje få betalingsutsetjing viss
- fristen i varselet om tvangsinnkrevjing er passert
- du er under 18 år
Viss du har fleire ubetalte krav, må du logge deg inn på Mi side for å søkje om betalingsutsetjing.
Du kan søkje om å få sletta straffekrav som bøter, førelegg, sakskostnader og inndragingar.
Logg inn skriv til oss:
Du kan også sende søknaden i posten:
Det må gå tydeleg fram kva søknaden gjeld. Dersom du har ein sambuar utan felles barn, må du opplyse om det.
I tillegg må du leggje ved
- husleigekontrakt eller nedbetalingsplan for bustadlån
- rekningar på barnepass, kommunale avgifter og bustadforsikring
- oversikt over anna gjeld
- ei stadfesting på at du får eller betaler bidrag
- vedtak på bustøtte eller sosialstønad
- vedtak frå Nav, til dømes uførevedtak eller tiltaksplan ved arbeidsavklaringspengar (AAP)
- stadfesting frå kvalifisert helsepersonell på varige helseplager, og at dette gir nedsett betalingsevne (ikkje nødvendig om du har lagt ved eit uførevedtak)
- verdivurdering eller takst av fast eigedom/bustad
- verdibevis på andre formuesgode, som hytte, bil eller båt. Dette kan vere takst, prisforslag, kjøpskvittering eller liknande.
Du treng ikkje å dokumentere
- inntekt og skatteoppgjer for deg og ein eventuell ektefelle/sambuar
- utgifter til livsopphald
Manglande betalingsevne er i seg sjølv ikkje grunn nok til å få sletta (ettergitt) eit straffekrav. For å få sletta eit straffekrav, må det ha skjedd noko heilt spesielt som gjer det urimeleg å krevje at du skal betale.
Statens innkrevjingssentral har ikkje avgjerdsmakt til å slette straffekrav, men vi kan sende søknaden din vidare til dei rette styresmaktene.
Vi har likevel avgjerdsmakt til å behandle og avgjere søknader om å få sletta purregebyr på bøter.
Politiet kan krevje at du må sone i fengsel for bøter dersom du ikkje klarer å betale.