Krevje inn tvangsbot
Dersom avgjersler om samvær, foreldreansvar eller kvar barnet skal bu fast ikkje blir følgde, kan vi krevje inn ei tvangsbot på dine vegner.
Pengane går til staten
Domstolane kan fastsetje tvangsbot dersom avgjersler om samvær, foreldreansvar eller kvar barnet skal bu fast, ikkje blir følgde. Tvangsbota blir pålagd for å tvinge fram ei handling. Det er Statens innkrevjingssentral som krev inn tvangsbota, og pengane går til staten.
Slik går innkrevjinga føre seg
Domstolane kan fastsetje ei tvangsbot for å sørgje for at samværet blir gjennomført. Forelderen som hindrar samværet kan få ei tvangsbot kvar gong samværsretten som er vedtatt ikkje blir gjennomført.
Domstolane kan også fastsetje ei tvangsbot for å sikre at avgjersler om foreldreansvar og om kvar barnet skal bu fast, blir følgde. I desse tilfella vil tvangsbota vere løpande per dag eller veke.
For at ei tvangsbot skal bli pålagd, må det liggje føre ei avgjersle frå ein domstol om foreldreansvaret, der barnet skal bu fast eller om samvær. Har foreldra ein skriftleg avtale om foreldreansvar, bustad og samvær, kan Statsforvaltaren vedta at avtalen skal gjennomførast (bli tvangsfullbyrda).
Statens innkrevjingssentral kan ikkje påleggje ei tvangsbot.
Vil du at Statens innkrevjingssentral skal krevje inn ei tvangsbot på vegner av deg, må du melde det inn til oss.
Du kan ikkje melde inn krav om tvangsbot for meir enn åtte samanhengande veker.
Du må skrive ut skjemaet og sende det til oss til posten.
Skal du sende oss brev i posten, må du bruke denne adressa:
Dersom det er første gongen du melder inn krav, må du leggje ved avgjersla frå domstolen der tvangsbota vart fastsett. Gjeld tvangsbota samvær, må du også sende oss dokumentasjon på samværsordninga.
Pengane blir kravde inn av Statens innkrevjingssentral, og dei går til staten, ikkje til deg personleg.