Livsopphald
Dersom vi må gjennomføre ei tvangsinnkrevjing og trekkjer deg i inntekta di, skal du likevel sitje att med nok pengar til livsopphald.
Satsane for livsopphald blir vedtatte av barne- og familiedepartementet, og dei er berekna for å dekkje utgifter til mat, klede, straum, fyring, transport, innbuforsikring, helse, hygiene, telefon- og mediebruk, fritidsaktivitetar og liknande.
Når vi bereknar trekket, sørgjer vi for at du har nok pengar til å dekkje dei nødvendige leve- og bukostnadene. Derfor må du sende oss dokumentasjon på buutgifter, utgifter til barnepass, barnebidrag og eventuelle ekstraordinære utgifter.
Dersom trekket er sett for høgt, må du snarast råd klage på trekket, slik at det blir rett.