Krav ved dødsfall
Krava frå Statens innkrevjingssentral blir stoppa dersom personen som skuldar pengar døyr. Krava blir som hovudregel ikkje sletta, med unntak for bøter og studielån.
Innkrevjinga blir automatisk stoppa når vi får melding om eit dødsfall. Det skjer ikkje noko med krava før ei eventuell skifteform er avklart. Vi sender ein førespurnad til tingretten i bustadkommunen til den avdøde og spør om skifteform og kven som er arvingar eller eventuelt bustyrar.
Når skifteforma er avklart og vi har fått opplysningar om kven som er arvingar, sender vi anten faktura eller brev til arvingane.
Dokumentasjon
Vi ber om skifteattest og dokumentasjon på utgifter til gravferda og anna. For å kunne avgjere om vi skal krevje at arvingane betaler gjelda til den avdøde, er det viktig at vi får all dokumentasjonen vi ber om.
Fullmakt
Viss du er arving eller pårørande, og du ønskjer informasjon om gjeldsforholda til den avdøde, må du skaffe ei fullmakt frå tingretten. På grunn av teieplikta kan vi ikkje svare på spørsmål om gjeldsforholda til den avdøde før vi har fått fullmakta.
Statens innkrevjingssentral krev ikkje inn erstatningar på vegner av arvingar. Vi avsluttar saka og sender arvingane eit brev om dette og om kvar dei eventuelt kan ta saka vidare.
Unntaket er dersom vi krev inn erstatninga gjennom trekk i inntekt. Då avsluttar vi ikkje innkrevjinga før trekkperioden er over. Trekkperioden varer i to år frå då trekket vart vedteke.
For å få innsyn i erstatningskravet som den avdøde har, må du skaffe ei fullmakt frå tingretten. På grunn av teieplikta kan vi ikkje svare på spørsmål om erstatningskravet til den avdøde før du har fått denne fullmakta.