Gjeldsordning
Har du alvorlege gjeldsproblem, kan ei gjeldsordning hjelpe deg med å få kontroll over økonomien din.
Ei gjeldsordning er ei ordning mellom deg og kreditorane dine om korleis du kan betale ned mest mogleg av gjelda di i ein avgrensa periode, mot at du får sletta heile eller delar av restgjelda. Gjeld til det offentlege kan også vere med i ei gjeldsordning.
Du kan kontakte Nav for økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving.
Ei gjeldsordning kan vere ein utanrettsleg avtale eller ei rettsleg ordning (gjeldsordning etter gjeldsordningslova). Som hovudregel kan du ikkje søkje om ei gjeldsordning etter gjeldsordningslova før du har prøvd å bli einig med kreditorane dine om ein utanrettsleg avtale.
Utanrettsleg gjeldsordning
Dersom du vil søkje om ei utanrettsleg gjeldsordning, må du leggje fram den same søknaden til alle kreditorane dine.
Viss Statens innkrevjingssentral er ein av kreditorane dine, vurderer vi søknaden din etter dei reglane som gir oss høve til å gi ein betalingsavtale eller ei heil eller delvis sletting (ettergiving) av kravet. Det er ulike reglar for ulike typar krav, og det er ikkje alle typar krav vi kan slette.
Vi kan ikkje slette (ettergi) heile eller delar av krav som har utspring i straffbare handlingar.
Dersom du vil søkje om ei utanrettsleg gjeldsordning for straffekrav, må du
- vite kven du skuldar pengar og kor mykje
- ha oversikt over inntektene og utgiftene dine
- føreslå eit budsjett for perioden som viser kor mykje du kan betale til kreditorane dine
- leggje fram ein plan der heile straffekravet blir betalt
- føreslå kor lenge gjeldsordninga skal vare
- leggje fram det same forslaget om nedbetaling til Statens innkrevjingssentral og dei andre kreditorane dine
Logg deg inn på Mi side om du treng oversikt over krava frå Statens innkrevjingssentral.
Dersom du vil søkje om ei utanrettsleg gjeldsordning, må du
- vite kven du skuldar pengar og kor mykje
- ha oversikt over inntektene og utgiftene dine
- føreslå eit budsjett for perioden som viser kor mykje du kan betale til kreditorane dine
- føreslå kor lenge gjeldsordninga skal vare
- leggje fram det same forslaget om nedbetaling til Statens innkrevjingssentral og dei andre kreditorane dine
Logg deg inn på Mi side dersom du treng oversikt over krava frå Statens innkrevjingssentral.
Rettsleg gjeldsordning
Viss du vil søkje om ei gjeldsordning etter gjeldsordningslova, må du sende ein søknad om å opne gjeldsforhandlingar til den alminnelege namsmannen.
Namsmannen høyrer til under Politi- og lensmannsetaten, og kan krevje inn krav ved tvang. Dei er også ansvarlege for å hjelpe deg i samband med ei rettsleg gjeldsordning.
Du finn meir om rettslege gjeldsordningar og korleis du søkjer hos politiet.