Dekor lav

Forelding av krav

Eit krav blir vanlegvis forelda dersom det ikkje har vorte betalt innan tre år. Nokre krav, som bøter, erstatningskrav og studielån, blir forelda etter ti år. 

Statens innkrevjingssentral jobbar for at beløpet du skuldar blir betalt før kravet blir forelda.

Ny foreldingsfrist

Foreldingsfristen kan bli utvida slik at vi får lengre tid til å gjennomføre innkrevjinga. Det kan skje mellom anna når

  • du erkjenner kravet. Dette gir normalt ein forlengd foreldingsfrist på tre år. Ei erkjenning kan til dømes vere at du har betalt inn noko på kravet, eller at du har erkjent kravet gjennom skriftleg kommunikasjon. 
  • vi held ei utleggsforretning. Foreldingsfristen blir avbroten når vi sender varsel om tvangsinnkrevjing. Den nye foreldingsfristen er på ti år frå vi vedtar utleggstrekk, utleggspant eller slår fast at det ikkje er noko å ta utlegg i.