Tjenestene for betaling og betalingsavtaler er ikke tilgjengelige fra 31. desember kl. 12:00 til 5. januar kl. 10:00
Du kan ikke betale, utsette eller dele opp kravet ditt i denne perioden.
1. januar 2026 får vi ny lov om innkreving, og flere innkrevingsmyndigheter slås sammen til én, Innkrevingsmyndigheten i Skatteetaten. Dette betyr at vi
- faser ut sismo.skatteetaten.no og flytter innholdet til skatteetaten.no
- bygger om og oppdaterer skatteetaten.no fra 1. januar og noen dager framover
Betalingsmerknader
Dersom vi gjennomfører ei utleggsforretning eller trekkjer deg i lønn, melder vi det inn til offentlege register. Kredittopplysningsbyråa har tilgang til desse registera og vil registrere ein betalingsmerknad på deg.
Ein betalingsmerknad vil gjere det vanskeleg å få nye lån, kredittar og abonnement som til dømes mobilabonnement.
Slik får du betalingsmerknader
Du kan få ein betalingsmerknad hos kredittopplysningsbyråa dersom
- det er gjennomført ei utleggsforretning
- det er registrert trekk i inntekt
- det er tatt pant i eigedelar
- du er registrert konkurs
- du har ei gjeldsordning
Betal kravet for å unngå betalingsmerknad, eller for å få han sletta.
Korleis blir betalingsmerknaden sletta?
Når heile kravet er betalt eller det løpande trekket i inntekta di er stoppa, blir dei aktuelle offentlege registera varsla om det. Kredittopplysningsbyråa registrerer og slettar betalingsmerknader på grunnlag av informasjonen i desse registera. Ønskjer du ei oversikt over betalingsmerknadene dine, må du derfor kontakte eit kredittopplysningsbyrå.
Frå vi har fått oppgjeret frå deg, tar det vanlegvis litt tid før slettinga er oppdatert hos finans- og kredittinstitusjonane.