Dekor lav

Krevje inn erstatning for deg

Statens innkrevjingssentral tilbyr å krevje inn erstatning for deg om du som privatperson har vore utsett for ei straffbar handling. Gjeld det straffesaker, får du brev frå oss. 

Gjeld erstatninga ei sivil sak, får du ikkje brev frå oss. Dersom saka gjeld straffbare krenkingar som til dømes fysisk eller psykisk vald, kan vi hjelpe deg med innkrevjinga. 

Vi tar ikkje betalt for å krevje inn for deg. Kva tid utbetalinga av erstatninga blir utbetalt til deg, kjem an på økonomien til personen som skal betale.

Ei straffesak er ei rettssak mot ein eller fleire personar, som er skuldige i ei straffbar handling. I rettssaka kan ein eller fleire bli dømde til å betale erstatning som følgje av den straffbare handlinga. 

Ved innkrevjing av erstatning for deg:

  • Du må vente på brev frå oss. I svaret ditt gir du oss fullmakt til å krevje inn erstatninga på dine vegner.
  • Vi krev inn renter i tillegg til kravet berre dersom det står i førelegget eller domsslutninga at vi skal gjere det.
  • Innkrevjinga er gratis.

Merk at vi får straffesakene oversende frå politiet. Dette kan ta litt tid fordi ankefristen må gå ut og fordi saka må behandlast ferdig hos politiet først. 

I sivile saker kan du bli tilkjend erstatning og/eller sakskostnader viss du har vore utsett for ei straffbar handling.

Ved innkrevjing av erstatning for deg i sivil sak:

  • Vi krev berre inn erstatningskrav i sivile saker der du har vorte utsett for straffbare krenkingar som fysisk eller psykisk vald. For sivile krav som er kjem frå svindel, tjuveri og skade på gjenstandar, kan du kontakte den lokale namsmannen eller eit privat inkassofirma for å få hjelp.
  • Vi krev inn berre inn renter i tillegg til kravet dersom det står i førelegget eller domsslutninga at vi skal gjere det.
  • Innkrevjinga er gratis.
  • Du må be oss om å krevje inn kravet for deg ved å fylle ut skjemaet (PDF) om innkrevjing av erstatning i sivile saker.

  1. Fyll ut skjemaet. Viss det er fleire som skal betale til deg, må du fylle ut eitt skjema per person som skal betale.

  2. Legg ved dokumentasjon:
  • Kopi av heile dommen.
  • Ei stadfesting frå tingretten på at dommen er rettskraftig (avgjord i retten)
  • Dersom du har prøvd å krevje inn kravet sjølv, legg ved papir på dette. Det kan gi ei ny foreldingsfrist som gjer at kravet får lengre levetid.
  1. Send inn erstatningsskjemaet og dokumentasjonen
    Signaturen din gir oss fullmakt til å krevje inn den sivile erstatninga på vegner av deg.

Skal du sende oss brev i posten, må du bruke denne adressa:

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana



Valdserstatning

Har du vore utsett for valds- eller seksuallovbrot, kan du ha krav på valdserstatning frå staten. Du finn meir informasjon om dette og korleis du søkjer hos Kontoret for valdsoffererstatning.

Dersom du har krav på erstatning, hjelper vi deg med å krevje inn beløpet også når den erstatningspliktige bur i utlandet.

Vi sender fakturaer og purringar til erstatningspliktige i utlandet.

Dersom den erstatningspliktige ikkje betaler, vurderer vi vidare innkrevjing via samarbeidspartnarar i utlandet:

  • Noreg og Sverige samarbeider om innkrevjinga av erstatningar. 
  • For innkrevjing i andre land, kan me bruke Visma Collectors AS som inkassobyrå. Samarbeidspartnarane til Visma Collectors AS tar seg av innkrevjinga i ulike land.

Statens innkrevjingssentral krev ikkje inn erstatningar på vegner av arvingar. Vi avsluttar saka og sender arvingane eit brev om dette og om kvar dei eventuelt kan ta saka vidare.

Unntaket er dersom vi krev inn erstatninga gjennom trekk i inntekt. Då avsluttar vi ikkje innkrevjinga før trekkperioden er over. Trekkperioden varer i to år frå då trekket vart vedteke.

For å få innsyn i erstatningskravet som den avdøde har, må du skaffe ei fullmakt frå tingretten. På grunn av teieplikta kan vi ikkje svare på spørsmål om erstatningskravet til den avdøde før du har fått denne fullmakta.