Betalt inn for mykje
Dersom du har betalt inn meir enn du skulle på eit krav, får du anten pengane tilbake, eller så går dei til å dekkje andre krav du har hos oss.
Viss du har betalt inn meir enn du skulle på eit krav frå oss, som til dømes ei bot, studielånet, erstatningskrav eller gebyr, vil vi
- anten betale deg tilbake det du har betalt for mykje
- eller bruke pengane til å dekkje andre ubetalte krav hos Statens innkrevjingssentral. Dette varslar vi deg i så fall om på førehand
Normalt oppdagar vi raskt om du har betalt inn for mykje. Dersom du ikkje har fått tilbake pengane i løpet av ei vekes tid, kan du kontakte oss.