Dekor lav

Tjenestene for betaling og betalingsavtaler er ikke tilgjengelige fra 31. desember kl. 12:00 til 5. januar kl. 10:00

Du kan ikke betale, utsette eller dele opp kravet ditt i denne perioden.

1. januar 2026 får vi ny lov om innkreving, og flere innkrevingsmyndigheter slås sammen til én, Innkrevingsmyndigheten i Skatteetaten. Dette betyr at vi

  • faser ut sismo.skatteetaten.no og flytter innholdet til skatteetaten.no
  • bygger om og oppdaterer skatteetaten.no fra 1. januar og noen dager framover

Solidarisk ansvar

Solidarisk ansvar, eller solidaransvar, betyr at fleire personar er ansvarlege for å betale det same kravet. Alle personane er ansvarlege for heile beløpet fram til det er nedbetalt.

Dersom éin betalar inn på kravet, blir kravet redusert med tilsvarande beløp også for dei andre. Betaler ein solidar heile kravet, er kravet innbetalt også for dei andre solidarane.

Døme:
De er tre solidaransvarlege, og kravet er på 21 000 kroner.
Dersom du betaler inn 7000 kroner, betyr det at restkravet er på 14 000 kroner.

Men alle tre, inkludert deg, vil framleis vere ansvarlege for restkravet på 14 000 kroner – sjølv om du har betalt det du reknar som "din del".

For erstatningssaker startar vi i dei fleste tilfella innkrevjinga med ein gong, sjølv om ikkje alle solidarforholda er avklarte.

Forseinkingsgebyr for årsrekneskap

Det er verksemda som i første omgang har ansvaret for å betale gebyr for eit forseinka innlevert årsrekneskap. Viss verksemda ikkje betaler, er du som medlem i styret, deltakar i verksemda eller dagleg leiar, solidarisk ansvarleg for å betale gebyret. 

Dersom verksemda går konkurs eller blir sletta, forsvinn ikkje forseinkingsgebyret. Som solidaransvarleg er du framleis medansvarleg for at kravet blir betalt.