Meld frå om endring av arbeidsgivar og ytingar
Kontakt oss om du har fått ein ny arbeidsgivar eller fått endra ytingar frå Nav. Gjer du ikkje det, risikerer du at trekkperioden kan bli lengre og du kan opparbeide deg meir gjeld.
Arbeidsgivarar har ansvar for å seie frå når du sluttar i jobben, men vi ser i praksis at nokre arbeidsgivarar gjer dette for seint. Det påverkar nedbetalinga av kravet ditt og kan forlengje trekkperioden, og gjelda di kan bli større. Melder du frå til oss, kan du unngå dette.