Dekor lav

Betalingsordningar for permanent overførte studielån

Viss du ikkje betaler noko og heller ikkje søkjer om betalingslette på tre år, kan lånet ditt bli permanent overført til oss. Då tar vi over heile innkrevjinga og behandlinga av studielånet, og det er berre oss du skal forhalda deg til.

Du mistar rettane dine i Lånekassen

Når Lånekassen seier opp studielånet og vi tar over lånet permanent, mister du alle rettane og goda du hadde i Lånekassen. I tillegg blir det lagt til forseinkingsrenter på heile studielånet.

Dele opp betalinga

Kontakt oss på telefon om du ønskjer å dele opp betalinga.

Merk at dersom månadsbeløpet er mindre enn forseinkingsrenta, vil ikkje studielånet bli betalt ned på.

Utsetje betalinga

Når studielånet ditt er permanent overført til oss, kan du ikkje lenger få betalingsutsetjing.

Du får årsoppgåva innan 15. februar

Årsoppgåva inneheld opplysningar frå heile året, saldoen per 31.desember og innbetalte renter.