Dekor lav

Betalingsordningar for erstatningar, avgifter og gebyr

Viss du ikkje kan betale heile beløpet med ein gong, er det mogleg å få ei betalingsordning. Det er viktig at du følgjer opp avtalen for at kravet ditt ikkje skal gå vidare til tvangsinnkrevjing og trekk i inntekt.

Vi tilrår at du deler opp heller enn å utsetje betalinga. 

Du kan dele opp betalingstida i inntil 24 månader eller minimum 500 kroner per månad.

Viss du har fleire ubetalte krav eller du treng lengre nedbetalingstid

Du må logge inn på Mi side for å søkje om ein nedbetalingsplan viss du

  • har fleire ubetalte krav
  • ønskjer ei lengre nedbetalingstid enn 24 månader (6 månader for erstatningar)
  • ønskjer eit lågare månadsbeløp enn 500 kroner

Dersom du ikkje har høve til å bruke digitale tenester, kan du også søkje på papir. Søknaden må vere skriftleg, og det må gå fram kva han gjeld. Du må leggje ved dokumentasjon på alle relevante opplysningar.

Døme på opplysningar som kan vere viktige å dokumentere:

  • om inntekta di har gått ned
  • nye utgifter som vi kan ta omsyn til, som ikkje allereie er registrerte
  • ein auke i eksisterande utgifter, til dømes husleige
  • endra sivilstatus slik at du har vorte åleine om utgiftene
  • om du forsørgjer ektefellen/sambuaren din

Du treng ikkje å dokumentere utgifter til livsopphald.

Send søknaden til:

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Du kan i utgangspunktet få utsett krav om avgifter og gebyr i inntil to månader. Du kan ikkje utsetje betalinga for erstatningskrav. 

Dersom du ikkje har høve til å bruke digitale tenester, kan du også søkje på papir. Søknaden må vere skriftleg, og det må gå fram kva han gjeld. Du må leggje ved dokumentasjon på alle relevante opplysningar.

Døme på opplysningar som kan vere viktige å dokumentere:

  • om inntekta di har gått ned
  • nye utgifter som vi kan ta omsyn til, som ikkje allereie er registrerte
  • ein auke i eksisterande utgifter, til dømes husleige
  • endra sivilstatus slik at du har vorte åleine om utgiftene
  • om du forsørgjer ektefellen/sambuaren din

Du treng ikkje å dokumentere utgifter til livsopphald.

Send søknaden til:

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Viss du får betalingsutsetjing, får du ein ny faktura frå oss.

Du kan ikkje få betalingsutsetjing viss

Viss du har fleire ubetalte krav, må du logge deg inn på Mi side for å søkje om betalingsutsetjing.

Du kan søkje om å få sletta erstatningar, forseinkingsgebyr, rettsgebyr, tvangsmulkter, gebyr og andre krav frå Statens innkrevjingssentral. 

Logg inn og vel "Skriv til oss":

Du kan også sende søknaden i posten: 

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Det må gå tydeleg fram kva søknaden gjeld. Dersom du har ein sambuar utan felles barn, må du opplyse om det.

I tillegg må du leggje ved

  • husleigekontrakt eller nedbetalingsplan for bustadlån
  • rekningar på barnepass, kommunale avgifter og bustadforsikring
  • oversikt over anna gjeld
  • ei stadfesting på at du får eller betaler bidrag
  • vedtak på bustøtte eller sosialstønad
  • vedtak frå Nav, til dømes uførevedtak eller tiltaksplan ved arbeidsavklaringspengar (AAP)
  • stadfesting frå kvalifisert helsepersonell på varige helseplager, og at dette gir nedsett betalingsevne (ikkje nødvendig om du har lagt ved eit uførevedtak)
  • verdivurdering eller takst av fast eigedom/bustad
  • verdibevis på andre formuesgode, som hytte, bil eller båt. Dette kan vere takst, prisforslag, kjøpskvittering eller liknande.

Du treng ikkje å dokumentere

  • inntekt og skatteoppgjer for deg og ein eventuell ektefelle/sambuar
  • utgifter til livsopphald

Viss du har eit krav frå det offentlege, er hovudregelen at du skal betale det frivillig eller gjennom tvangsinnkrevjing. Det kan normalt berre gjerast unntak om du er i ein særs vanskeleg livssituasjon, og du er varig ute av stand til å betale.

Statens innkrevjingssentral kan som hovudregel ikkje slette heile kravet, men vi kan vurdere å sletta delar av det.

For å redusere kravet, må vi få eit forslag om betaling. 

Ei eventuell sletting skal ikkje verke støytande på andre eller samfunnet elles. Med "støytande" meiner vi at andre kan reagere negativt på at kravet ditt blir redusert.

Viss du har du anna gjeld i tillegg, må du som hovudregel søkje om ein felles avtale med kreditorane (gjeldsordning). Du kan kontakte Nav for økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving.

Dersom du vil søkje om sletting av forseinkingsgebyr på andre grunnlag enn nedsett betalingsevne, må du sende søknaden direkte til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund.

Viss kravet ditt er eldre enn ti år, kan du søkje om sletting utan at du treng leggje fram eit forslag om betaling. Vi kan slette heile kravet ditt dersom ei vanleg innkrevjing ikkje vil vere lønnsam for oss, og dersom slettinga ikkje verkar støytande på andre eller samfunnet elles.

Statens innkrevjingssentral krev inn erstatningskrav på vegner av dei som skal ha erstatning. Det er berre dei som skal få erstatning som kan slette heile eller delar av kravet. Vi sender søknader om sletting av erstatningskrav vidare til dei som skal ha erstatninga.

Innkrevjinga held fram til saka er avgjord

Merk at ein søknad om sletting av eit krav vanlegvis ikkje stoppar innkrevjinga. Det er først når du eventuelt får innvilga søknaden din at innkrevjinga stoppar.