Fullmakt
Du kan gi andre fullmakt i saker hos Statens innkrevjingssentral.
Du kan gi andre fullmakt til å
- gi og få opplysningar om deg
- forhandle og inngå avtalar på dine vegner
- representere deg rettsleg
Send skjemaet til
Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Fullmakta må
- vere tydeleg på kven du gir fullmakt til
- skildre kva fullmakta gjeld for og om ho har nokre avgrensingar
- informere om kor lenge ho varer
- vere signert av deg