Betale krav frå Statens innkrevjingssentral
Her kan du betale krav frå Statens innkrevjingssentral som bøter, førelegg, forseinkingsgebyr knytte til årsrekneskap, rettsgebyr, erstatningar, tvangsmulkt, studielån og Husbanken-krav.
Du kan betale med å logge deg inn på Mi side, med kort eller i nettbanken.
På Mi side finn du også betalingsinformasjonen du treng.
Gå til ei betalingsløysing der du ikkje treng logge deg inn:
Når du betaler, må du skrive heile KID-nummeret. Dersom det er ein bindestrek på slutten av KID-nummeret, må du taste inn den også.
Viss forfallsdatoen er passert, og det er renter på kravet, må du kontakte oss for å få det nøyaktige beløpet.
Du kan også betale i nettbanken.
Kontonummeret til Statens innkrevjingssentral er 7694 05 12057.
Når du betaler, må du skrive heile KID-nummeret. Dersom det er ein bindestrek på slutten av KID-nummeret, må du taste inn den også.
Viss forfallsdatoen har passert, og det er renter på kravet, må du kontakte oss for å få det nøyaktige beløpet.
Viss du skal betale frå ein utanlandsk bank, kan du bruke betalingsinformasjonen du finn her.
Dersom du skal betale med kort, bruker du knappen under «Betale med kort». Å betale med kort kan vere rimelegare enn å betale frå ein utanlandsk bank.
Betalingsinformasjon:
Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Noreg
Bank: DNB, Postbok 1600 Sentrum, NO-0021 Oslo
BIC (SWIFT): DNBANOKKXXX
IBAN: NO98 7694 0512 057 (dei to første er bokstavar, og resten er tal)
Bruk KID-nummeret frå betalingsblanketten vi har sendt deg når du betaler, elles blir ikkje innbetalinga knytt til deg. Dersom det er ein bindestrek på slutten av KID-nummeret, må du taste inn den også. Du kan også bruke «referansen vår» eller «kravnummer» som betalingsinformasjon på kravet.
Viss forfallsdatoen har passert, og det er renter på kravet, må du kontakte oss for å få det nøyaktige beløpet.
Kan du ikkje betale heile kravet?
Du bør alltid betale kravet ditt om du kan. Viss du ikkje kan betale, kan du søkje om ei betalingsordning. Vi tilrår at du heller deler opp kravet enn at du utset betalinga.