Om oss
Statens innkrevjingssentral er ein del av Skatteetaten.
Statens innkrevjingssentral er innkrevjingsstyresmakt på vegner av andre offentlege styresmakter og somme private aktørar, til dømes politiet, Lånekassen og Statens vegvesen. Det betyr at Statens innkrevjingssentral kan krevje inn mellom anna bøter, erstatningar, tvangsmulkter og studielån.
Korleis betale inn krav?
Du får informasjon om korleis du skal betale inn eventuelle krav på fakturaen. Du kan betale inn kravet på Mi side, via ei ikkje innlogga betalingsløysing på statensinnkreving.no eller i nettbanken din.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål om kvifor og korleis du har fått eit krav, må du kontakte dei som eig eller har fastsett kravet.
Dersom du har spørsmål knytte til innkrevjinga eller betalinga av krav, kan du kontakte Statens innkrevjingssentral.