Søkje om sletting av krav
Ei verksemd kan søkje om å få sletta krav. Reglane for sletting er strenge, og det skal mykje til for å få innvilga søknaden.
Verksemder som framleis er i drift, kan normalt ikkje få sletta eit krav.
Reglane for å få sletta krav er strenge
Når du har eit krav frå det offentlege, er hovudregelen at du skal betale dette frivillig eller gjennom tvangsinnkrevjing. Det kan normalt berre gjerast unntak om du er ein særs vanskeleg livssituasjon og er varig ute av stand til å betale.
Før vi kan vurdere å redusere kravet, må du sende oss eit framlegg om betaling. Framlegget må vere det beste du kan tilby.
Dersom kravet ditt er eldre enn ti år, kan du søkje om sletting utan å sende inn eit framlegg om betaling.
Vi kan slette heile kravet ditt dersom vanleg innkrevjing ikkje vil lønne seg for oss, og dersom slettinga ikkje verkar støytande på andre eller samfunnet elles. Med "støytande" meiner vi at andre kan reagere negativt på at kravet ditt blir redusert.
Innkrevjinga held fram til saka er avgjord
Merk at ein søknad om sletting av eit krav vanlegvis ikkje stoppar innkrevjinga. Det er først når du eventuelt får innvilga søknaden din at innkrevjinga stoppar.
Slik søkjer du om sletting av krav
Du må sende ein skriftleg søknad og leggje ved dette:
- namnet og organisasjonsnummeret til selskapet
- ei fullmakt der det står at du kan representere føretaket
- eit framlegg til betalingstilbod dersom du søkjer om sletting av delar av kravet
- ein godkjend rekneskap og næringsoppgåva/skatteopplysningar for dei tre siste åra
- opplysningar om gjeld til andre, eventuelt med oversikt over prioriteten til krava og om dei er sikra ved pant eller liknande
Send søknaden i posten til:
Du kan søkje om sletting av forseinkingsgebyr eller fritak frå solidaransvar dersom krava oppstod som følgje av uventa hendingar utanfor din kontroll, i rolla som ansvarleg for verksemda.
Det er Brønnøysundregistera som behandlar søknaden. Dei kan også i visse tilfelle slette kravet om det blir rekna som rimeleg. Vilkåra er strenge, og det er vanskeleg å få sletta krava.
Les meir om sletting av forseinkingsgebyr og fritak frå solidaransvar hos Brønnøysundregistera.
Send søknad
Send søknaden til Brønnøysundregistera eller til Statens innkrevjingssentral, som vidaresender han.
Statens innkrevjingssentral:
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Brønnøysundregistera:
Havnegata 48
8900 Brønnøysund