Dekor lav

Klage

Du har rett til å klage på avgjerslene våre som gjeld verksemda di. I visse tilfelle må vi sende klagen din vidare til dei som har fastsett kravet.

Send klagen i posten til:

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana

 

Ønskjer du å klage på kvifor og korleis eit krav er oppstått, må du kontakte dei som eig eller har fastsett kravet.

Klagen skal vere skriftleg og må innehalde

  • kva du klagar på – til dømes saksbehandlinga, sjølve innkrevjinga eller motrekning
  • ei forklaring på kvifor du klagar
  • kva du ønskjer å oppnå med klagen – til dømes sletting av krav og pant i eigedelar
  • underskrift 
  • relevant dokumentasjon. Det kan til dømes vere dokumentasjon på at kravet vi krev inn er ugyldig.

Innkrevjinga held fram til klagen er behandla

Merk at klagen din vanlegvis ikkje fører til at vi stansar innkrevjinga av kravet.

Fristar for å klage på avgjerslene våre

Klagefristane kan variere frå sak til sak. Du finn klagefristen som gjeld i saka di i breva frå oss.