Innkrevjing av erstatning til bedrifter og organisasjonar
Dersom verksemda di har vore utsett for ei straffbar handling, kan vi krevje inn erstatninga på vegner av verksemda.
Du må gi oss løyve
Ønskjer du at vi skal krevje inn erstatning for ei straffbar handling på vegner av verksemda di, sender vi deg eit brev der vi ber om samtykke til å krevje inn erstatninga. Du må også oppgi kontonummeret til verksemda. Gir du oss løyve til å krevje inn, sender vi faktura til den som skal betale deg erstatninga.
Vi krev berre inn renter i sakene der det står i domsslutninga at det skal reknast renter i tillegg til kravet.
Dersom saka går vidare til tvangsinnkrevjing, krev vi ikkje inn pengar på vegner av verksemda dersom verksemda har ressursar til å gjere dette sjølv. Det betyr at verksemda i dei fleste tilfelle sjølv må sende saka til den alminnelege namsmannen dersom kravet ikkje blir betalt inn frivillig.