Dekor lav

Trekket er for høgt

Viss vi har byrja med tvangsinnkrevjing og du meiner at trekket i inntekta er for høgt, kan du søkje om å få endra eller stansa det.

Når vi får søknaden din, vurderer vi storleiken på trekket på nytt. Ser vi at trekket er for høgt, sender vi ei melding til arbeidsgivaren din eller Nav om eit nytt og lågare trekk. Dei kan ikkje endre trekket før vi har meldt frå om det.

Dersom du ikkje har høve til å bruke digitale tenester, kan du også søkje på papir. Søknaden må vere skriftleg, og det må gå fram kvifor du meiner trekket er for høgt. 

Send søknaden til:

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Opplysningar i søknaden

Når vi behandlar søknaden din, vurderer vi berre dei opplysningane du dokumenterer. Du må derfor leggje ved dokumentasjon på at dei opplysningane du gir, er rette.

Døme på opplysningar som kan vere viktige å dokumentere:

  • om inntekta di har gått ned
  • nye utgifter som vi kan ta omsyn til, som ikkje allereie er registrerte
  • ein auke i eksisterande utgifter, til dømes husleige
  • endra sivilstatus slik at du har vorte åleine om utgiftene
  • om du forsørgjer ektefellen/sambuaren din

Du treng ikkje å dokumentere utgifter til livsopphald.

Viktig informasjon

Merk at viss vi innvilgar søknaden din om lågare trekk, vil det gjere at nedbetalingstida blir lengre.

Dersom det kjem forseinkingsrenter på kravet ditt, kan det også gjere nedbetalingstida lengre.

Slik reknar vi ut trekket ditt

Vi bruker dei opplysningane vi har om økonomien din. Viss du ikkje har sendt inn opplysningar til oss før trekket skal byrje, bruker vi standardsatsar på mellom anna husleige.

Merk at når du søkjer om lågare trekk, blir det ikkje automatisk innvilga. Vi vurderer dei opplysningane vi allereie har saman med nye opplysningar du gir for å rekne ut om trekket er rett.

Viss du får innvilga lågare trekk eller stans av trekk, melder vi frå om det til arbeidsgivaren din eller til Nav (dei trekkpliktige). 

Du skal ha pengar til livsopphald

Du skal ha nok pengar att til å dekkje livsopphald. Dersom utrekninga vår viser at du ikkje har nok pengar att til å leve for, vil vi ikkje trekkje av inntekta di. Når den økonomiske situasjonen din betrar seg, byrjar vi å trekkje att.

Du får i utgangspunktet ikkje pengar tilbake

Viss vi har starta trekket og du sender inn dokumentasjon på høgare utgifter, betaler vi ikkje tilbake pengane vi allereie har trekt. Pengane går då til å betale ned på det ubetalte kravet.

Dersom du har fått medhald i at vi skal redusere trekket, betaler vi tilbake det du har vorte trekt for mykje etter at vi fekk klagen din.