Dekor lav

Korleis bereknar vi trekket i inntekta?

Dersom du ikkje betaler det du skuldar i tide, kan vi påleggje arbeidsgivaren din, Nav eller andre å trekkje eit beløp frå inntekta di kvar månad. Trekket går til å betale ned det ubetalte kravet ditt.

Utleggstrekk vil seie at delar av lønna di, ytingar frå Nav eller andre inntekter ikkje blir utbetalte til deg, men blir overførte til Statens innkrevjingssentral for å betale ned på beløpet du skuldar. Trekket kan vere ein prosent av lønna di eller eit fast beløp i månaden.

Pengane blir trekte utan samtykke frå deg, men vi varslar deg før du blir trekt i inntekta.

Korleis bereknar vi beløpet?

   inntekter 
- forskottstrekk av skatt
- utgifter til livsopphald
- buutgifter/bustadlån
- andre utgifter vi må ta omsyn til, som nødvendige medisinar, barnehage, SFO osb.
- trekk med betre prioritet
= det månadlege trekket i lønna eller ytinga di

Husstanden skal ha nok pengar att til nødvendig livsopphald

Vi reknar ikkje utgifter til forbrukslån og studielån som utgifter til nødvendig livsopphald, og vi vil i utgangspunktet ikkje ta omsyn til slike utgifter i vurderinga.

Viss du ikkje har sendt inn opplysningar til oss før trekket startar, bruker vi standardsatsar for utgifter som mellom anna husleige.

Prioritering av ulike trekk

Det er ei lovfesta rekkjefølgje for korleis krava skal prioriterast dersom det ikkje er nok til å dekkje alle krava. Denne rekkjefølgja er

  • bidragskrav på lovfesta forsørgingsplikt
  • erstatningskrav oppstått ved straffbar handling
  • regresskrav frå staten etter valdserstatningslova § 11
  • bøter
  • krav på skatt eller offentlege avgifter
  • andre krav

Viss arbeidsgivaren din har gått konkurs

Viss du har trekk i lønna di og arbeidsgivaren din går konkurs utan å ha overført pengane til oss, må du sende oss kopiar av lønnsslippane som viser dei trekka som er gjorde. Vi vurderer om vi skal redusere kravet ditt tilsvarande det arbeidsgivaren skulle ha betalt inn til oss.

Konsekvensar for sambuar eller ektefelle

Du som skuldnar har ansvar for di eiga gjeld. Vi trekkjer ikkje i lønna eller trygda til ein sambuar eller ektefelle, berre i lønna eller trygda di.

Vi vil likevel berekne trekket ut frå dei samla inntektene og utgiftene i hushaldet. Ein sambuar eller ektefelle kan såleis bli ramma av trekket fordi dei samla inntektene i hushaldet blir reduserte i perioden du blir trekt i inntekta.