Dekor lav

Meld frå om endring av arbeidsgivar og ytingar

Kontakt oss om du har fått ein ny arbeidsgivar, eller ytinga du får frå Nav er endra. Gjer du ikkje det, risikerer du at trekkperioden blir lengre og du kan opparbeide deg meir gjeld. 

Arbeidsgivarar har ansvar for å melde frå når du sluttar i jobben, men vi ser i praksis at nokre arbeidsgivarar er seine med å gjere det. Det påverkar nedbetalinga av kravet ditt og kan forlengje trekkperioden, og gjelda di kan bli større. Melder du frå til oss, kan du unngå dette.