Dekor lav

Motrekning i pengar til gode

Viss du skuldar pengar til det offentlege, kan pengar du har til gode hos det offentlege bli brukt til å betale ned på det du skuldar (motrekning). 

Dette gjeld sjølv om du har ei betalingsordning eller trekk i inntekta di.

Du får eit brev frå oss som viser kva for nokon krav som blir motrekna. Viss du framleis har pengar til gode etter at vi har motrekna, får du utbetalt pengane. 

Du skal ha pengar nok til livsopphald. Viss du til dømes treng skattepengane du har til gode for å ha noko å leve av, kan du klage på motrekninga.

Døme på grunnar som ikkje er gyldige i ein klage:
  • Du har bestilt ferie.
  • Du har eit privat lån du skulle løyse ut.
  • Du hadde tenkt å setje av pengane til sparing.

Ønskjer du å klage på kvifor og korleis kravet ditt er oppstått, må du kontakte dei som eig eller har fastsett kravet.

Logg inn og skriv til oss:

Send klage

Dersom du ikkje vil logge deg inn for å sende ein klage, kan du sende ein skriftleg klage til:

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Klagen må vere skriftleg og signert, og du må grunngi han. Hugs å leggje ved relevant dokumentasjon.

Klagefrist

Fristen for å klage er éin månad frå du fekk brevet om gjennomført motrekning.

 

Dersom du blir motrekna, vil du få eit brev frå Skatteetaten om at motrekninga er gjennomført. På det tidspunktet du får brevet, har vi allereie starta motrekninga for kravbeløpet som står i brevet, og vi kan då ikkje stoppe motrekninga.

Har du betalt for mykje, kjem vi til å betale tilbake pengane.