Dekor lav

Feilaktig innkravd rettsgebyr

Skatteetaten har i nokre tilfelle tvangsinnkravd rettsgebyr på feil måte. Vi vil betale tilbake rettsgebyra vi feilaktig har kravd inn ved tvang.

Dette er pengar Skatteetaten kunne hatt krav på, men sidan vi ikkje har gjort det på riktig måte, rettar vi opp og betaler tilbake. Gjelda er korrekt kravd inn. Det er berre rettsgebyret som ikkje alltid har vorte behandla på rett måte.

Saker frå dei tre siste åra

Dersom Skatteetaten har sendt saka di til tingretten eller namsmannen dei siste tre åra, det vil seie 1. november eller seinare, treng du ikkje gjere noko. Du vil få eit brev frå oss dersom det er feil i saka di. Skatteetaten vil betale tilbake det feilaktig innkravde rettsgebyret og rentegodtgjeringa seinast i mars 2025.

Skatteetaten kan ikkje utbetale erstatning til dødsbu, konkursbu og selskap som er sletta. Desse må sjølve framsetje krav om erstatning og dokumentere kravet.

Viss saka er eldre enn tre år

Dersom Skatteetaten har sendt saka di til tingretten eller namsmannen for meir enn tre år sidan, må du sjølv setje fram eit krav om erstatning. Du må dokumentere kravet ditt.

 

Viktig informasjon

Kontakt oss på telefon 22 07 70 30 viss du har spørsmål.

Når krev vi inn rettsgebyr?

I saker der personar eller verksemder ikkje har betalt gjelda si, kan Skatteetaten starte tvangsinnkrevjing, til dømes ved å ta pant i bustaden din. Viss Skatteetaten ønskjer å tvangsselje eigedelen din, må vi be namsmannen eller tingretten om dette og betale eit rettsgebyr (sakskostnader). Skatteetaten har i utgangspunktet rett til å krevje inn dette rettsgebyret frå den som ikkje har betalt gjelda si.

I kravet frå Skatteetaten til namsmannen eller tingretten kan Skatteetaten krevje dekning for sakskostnadene sine. For å kunne krevje inn rettsgebyret ved tvang, må dette komme tydeleg fram som ei avgjerd frå namsmannen eller tingretten. Feilen som er oppdaga er at det ikkje alltid har komme tydeleg fram at Skatteetaten ber om å få dekt sakskostnadene sine. Det har medført at Skatteetaten har kravd inn rettsgebyr utan avgjerd frå namsmannen eller domstolen i enkelte saker. Storleiken på gebyret er frå 500 kroner og opptil 9 500 kroner.