Innkrevjing ved konkurs
Vi prøver alltid å få inn pengar som du skuldar sjølv om du har gått konkurs. Ved konkurs mister du retten til å bestemme over eigedelane dine.
I Noreg er det tingretten som behandlar konkursar. Statens innkrevjingssentral kan på eige initiativ be om at tingretten opnar konkurs. Vi kan også melde inn krav i buet når det er opna konkurs på initiativ frå andre. Dersom det er verdiar att i buet, kan desse brukast til å betale ned på gjelda di.
Kravet står ved lag om du går personleg konkurs
Går du personleg konkurs, vil krav som ikkje får full dekning i konkursbuet framleis stå ved lag. Dette gjeld også om du er innehavar av eit enkeltpersonføretak.
Trekk i lønn viss arbeidsgivaren er konkurs
Har du trekk i lønn og arbeidsgivaren din går konkurs utan å ha overført pengane til oss, må du sende oss kopiar av lønnsslippane som viser trekka som er gjorde. Vi kan då redusere kravet ditt tilsvarande det som skulle ha vore betalt inn til oss.