Kva tid får du erstatninga?
Kva tid du får utbetalt erstatninga, kjem an på økonomien til personen som skal betale.
Dersom den som skuldar pengane betaler inn heile erstatningsbeløpet på ein gong, får du heile erstatningsbeløpet i ei samla utbetaling.
Dersom den som skal betale erstatning til deg ikkje kan betale heile beløpet på ein gong, kan vi tvangsinnkrevje erstatningskravet. Vi vil då til dømes trekkje i inntekta, eller ta pant i kontoar eller eigedom. Viss vi trekkjer i inntekta, vil du få utbetalt beløpet som blir trekt kvar månad. Dersom det er fleire skadelidde i den same erstatningssaka, vil innbetalinga bli fordelt etter talet på dei skadelidde.
Vi kan ikkje betale deg på forskott
Før vi kan betale ut erstatningsbeløpet til deg, må vi krevje det inn frå personen som skuldar deg pengar.
Skuldnaren må ha nok til livsopphald
Det er viktig å merkje seg at sjølv om personen som skal betale erstatninga har lønn eller trygd, så skal han eller ho ha pengar att til livsopphald. Det betyr at den økonomiske situasjonen til personen som skal betale erstatninga, påverkar kor raskt du får utbetalt erstatninga.