Dekor lav

Kontonummer for erstatningar

Send inn kontonummeret ditt slik at du får pengane inn på den rette kontoen.

Dersom du vil at vi skal krevje inn ei erstatning på dine vegner, sender vi deg ei fullmakt som du må fylle ut og sende inn. Der må du også oppgi kva for eit kontonummer du ønskjer at erstatningsbeløpet skal betalast inn til.

Dersom du ønskjer å endre kontonummeret du har oppgitt, må du bruke kontaktskjemaet nedanfor eller melde frå til oss per post.

Viss den som skal ha utbetalt erstatninga er under 18 år, skal personen alltid ha eit eige kontonummer.

Skal du sende oss brev i posten, må du bruke denne adressa:

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana