Unngå trekk i inntekta
For å unngå betalingsmerknad og trekk i lønna eller ytinga, er det viktig at du betaler rett beløp til rett tid.
Vi kan hjelpe deg på vegen
Har du fått ei rekning frå oss som du ikkje greier å betale med ein gong, finst det betalingsordningar som kan hjelpe deg. Du kan til dømes dele opp beløpet du skuldar, eller få betalingsutsetjing for somme typar krav.
Viss vi allereie har byrja ei tvangsinnkrevjing, er det for seint å søkje om ei betalingsordning.
Vil du betale, men er usikker på beløpet?
Er du usikker på kor mykje du skuldar, kan du kontakte oss, så hjelper me deg.
Kva skjer om du ikkje betaler?
Viss du ikkje betaler fakturaer og purringar på krav frå oss, får du eit varsel om tvangsinnkrevjing.
Viss du heller ikkje betaler når du har fått varsel om tvangsinnkrevjing, tar vi saka vidare til utleggsforretning som kan føre til trekk i inntekta eller pant i eigedelane dine.