Dokumentasjon
Du er sjølv ansvarleg for å sende inn dokumentasjon i samband med til dømes ein klage eller andre tilfelle der du må dokumentere nye eller endra opplysningar.
Døme på utgifter du må dokumentere:
- bustadlån – terminbeløp, nedbetalingstid og kven som er eigar av lånet
- husleige – kopi av leigekontrakten eller ein spesifisert faktura
- bustadforsikring
- kommunale avgifter – kopi av faktura
- barnepass (SFO/AKS eller barnehage) – kopi av faktura
- barnebidrag
- at du er student dersom det er tilfelle – kopi av studiebevis
I nokre tilfelle kan vi også ta omsyn til andre dokumenterte utgifter
Har du veldig høge straumutgifter, må du sende oss dokumentasjon på kostnadene av eit heilt års forbruk av straum/oppvarming. Vi vil då rekne ut eit gjennomsnitt per månad.
Ved særskild høge straumprisar, kan vi berekna dei gjennomsnittlege utgiftene på andre måtar.
Har du samvær med barn, treng vi ein kopi av samværsavtalen og kopiar av kvitteringar for reiseutgifter du pliktar å betale.
Har du særskilde utgifter til helse eller medisinar utover frikortordninga, må du dokumentere desse. Slik dokumentasjon kan vere
- ei utskrift over medisinar frå apoteket
- ei stadfesting frå ein lege eller behandlar om at utgifta er nødvendig, og ikkje blir dekt av det offentlege
Du må også dokumentere kven legen eller behandlaren er, kor mykje behandlinga kostar totalt og kor lenge behandlinga varer.
Utgifter til transport i samband med medisinsk behandling blir dekte gjennom andre offentlege ordningar. Vi tar derfor ikkje omsyn til desse utgiftene når vi vurderer saka di.
Livsopphaldssatsen legg til grunn bruk av kollektiv transport mellom heimen og arbeidsstaden. I nokre tilfelle kan vi likevel ta omsyn til at du treng bil og har utgifter til billån:
Du må ha bil for å kunne vere i jobben:
Er du nøydd til å bruke bil til og frå arbeidsstaden, må du sende oss
- ei stadfesting frå arbeidsgivaren din på kor mange kilometer du må køyre per dag og at du ikkje kan bruke kollektivtransport
- kopi av rekning for forsikring på bilen
- kopi av nedbetalingsplan for eventuelt billån
Du er student og treng bil for å fullføre utdanninga:
Du må sende inn ei stadfesting frå utdanningsstaden på at du studerer der.
Du må også dokumentere ekstraordinære utgifter, som til dømes høge tannlegeutgifter, utgifter til konfirmasjonen til ditt eige barn (ikkje gåve) eller utskifting av kvitevarer.
Inntekta til sambuar, ektefelle eller andre vaksne i husstanden
Som regel deler vi utgiftene til husstanden på to når vi bereknar trekket i inntekta.
Du kan bli bedt om å dokumentere inntekta til ein eventuell sambuar, ektefelle eller andre vaksne i husstanden.