Dekor lav

Søkje om sletting av studielån og krav frå Husbanken

Du kan søkje om at kravet ditt blir ettergitt og dermed heilt eller delvis sletta. Reglane for sletting er strenge, og det skal mykje til for å få innvilga søknaden.

Logg inn og skriv til oss:

Søk om sletting

Du kan også sende søknaden i posten: 

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Det må gå tydeleg fram kva søknaden gjeld. Dersom du har ein sambuar utan felles barn, må du opplyse om det.

I tillegg må du leggje ved

  • husleigekontrakt eller nedbetalingsplan for bustadlån
  • rekningar på barnepass, kommunale avgifter og bustadforsikring
  • oversikt over anna gjeld
  • ei stadfesting på at du får eller betaler bidrag
  • vedtak på bustøtte eller sosialstønad
  • vedtak frå Nav, til dømes uførevedtak eller tiltaksplan ved arbeidsavklaringspengar (AAP)
  • stadfesting frå kvalifisert helsepersonell på varige helseplager, og at dette gir nedsett betalingsevne (ikkje nødvendig om du har lagt ved eit uførevedtak)
  • verdivurdering eller takst av fast eigedom/bustad
  • verdibevis på andre formuesgode, som hytte, bil eller båt. Dette kan vere takst, prisforslag, kjøpskvittering eller liknande.

Du treng ikkje å dokumentere

  • inntekt og skatteoppgjer for deg og ein eventuell ektefelle/sambuar
  • utgifter til livsopphald

Reglane for å få sletta krav er strenge

Når du har eit krav frå det offentlege, er hovudregelen at du skal betale det frivillig eller gjennom tvangsinnkrevjing. Det kan normalt berre gjerast unntak om du er i ein særs vanskeleg livssituasjon, og du er varig ute av stand til å betale.

Ei eventuell ettergiving må ikkje verke støytande på andre eller samfunnet elles. Med "støytande" meiner vi at andre kan reagere negativt på at kravet ditt blir redusert.

Viss du har du anna gjeld i tillegg, må du som hovudregel søkje om ein felles avtale med kreditorane (gjeldsordning). Du kan kontakte Nav for økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving.

Innkrevjinga held fram til saka er avgjord

Merk at ein søknad om sletting av eit krav vanlegvis ikkje stoppar innkrevjinga. Det er først når du eventuelt får innvilga søknaden din at innkrevjinga stoppar.

Dersom lånet ditt er mellombels overført frå Lånekassen til oss, og du har vorte ufør, kan du ha rett til å få sletta heile eller delar av lånet. Kor høg inntekta di er avgjer om du kan få sletta gjelda. Det er Lånekassen som behandlar søknaden om sletting. Du kan sende søknaden direkte til dei.

Unngå at studielånet blir permanent overført

Dersom du ikkje betaler noko og heller ikkje søkjer om betalingslettar på tre år, blir lånet ditt permanent overført til oss. Då mister du alle rettane dine til ordningane i Lånekassen.