Dekor lav

Betalingsordningar for mellombels overførte studielån

Har du eit studielån som er mellombels overført til oss, kan du søkje om å dele opp eller utsetje betalinga.

Dersom du ikkje betaler terminbeløpet på studielånet innan betalingsfristen, blir heile studielånet mellombels sendt til oss. Når studielånet er mellombels overført til oss, har du framleis rettane dine og tilgangen til ordningane hos Lånekassen.

Unngå at studielånet blir permanent overført

Dersom du ikkje betaler noko og heller ikkje søkjer om betalingslettar på tre år, blir lånet ditt permanent overført til oss. Då mister du alle rettane dine til ordningane i Lånekassen.

Dersom du ikkje betaler eller inngår ein frivillig nedbetalingsplan med oss, må vi tvangsinnkrevje studielånet.

Utsetje betalinga

Du må kontakte Lånekassen for å sjekke kva rettar du har og for å eventuelt be om betalingsutsetjing. Mange kan få lånet tilbakeført til Lånekassen og dermed unngå nye forseinkingsrenter.

Eventuelle forseinkingsrenter og purregebyr som allereie er lagde til lånet ditt, blir ikkje sletta sjølv om du utset rekninga. Dei blir lagde til på den neste rekninga du skal betale.

Dele opp betalinga

Du må kontakte oss dersom du ønskjer å dele opp betalinga.

Du får lånet tilbake til Lånekassen når du betaler

Du får studielånet tilbake til Lånekassen ved å betale heile det misleghaldne beløpet og forseinkingsrentene, slik det står i brevet frå oss. Dersom betalingsfristen på kravet er passert, må du kontakte oss slik at du får det oppdaterte og rette beløpet.

Det lønner seg for deg å få studielånet tilbake til Lånekassen. Då kan du betale etter den opphavlege betalingsplanen att utan at det kjem forseinkingsrenter på heile studielånet. Du har du også framleis rettane dine i Lånekassen til betalingsutsetjing og sletting av renter med meir.