Dekor lav

Betalingsordningar for krav frå Husbanken

Viss du ikkje kan betale heile beløpet på ein gong, kan du søkje om å dele opp eller utsetje kravet.

Dersom du ikkje betaler eller inngår ein frivillig nedbetalingsplan med oss, må vi tvangsinnkrevje kravet.

Viss du har misleghalde bustadlånet ditt, må du kontakte oss dersom du ønskjer å dele opp betalinga.

Viss du har fått eit krav om å betale tilbake bustøtte frå Husbanken, kan du logge deg inn og dele opp betalinga.

 

Du kan ikkje utsetje betalinga av eit misleghalde bustadlån i Husbanken.

Du kan vanlegvis få utsett tilbakebetalinga av bustøtte frå Husbanken i inntil to månader. Dersom du treng meir enn to månader på å betale, tilrår vi at du heller kontaktar oss for å dele opp betalinga.

Dersom du ikkje har høve til å bruke digitale tenester, kan du også søkje på papir. Søknaden må vere skriftleg, og det må gå fram kva han gjeld. Du må leggje ved dokumentasjon på alle relevante opplysningar.

Døme på opplysningar som kan vere viktige å dokumentere:

  • om inntekta di har gått ned
  • nye utgifter som vi kan ta omsyn til, som ikkje allereie er registrerte
  • ein auke i eksisterande utgifter, til dømes husleige
  • endra sivilstatus slik at du har vorte åleine om utgiftene
  • om du forsørgjer ektefellen/sambuaren din

Du treng ikkje å dokumentere utgifter til livsopphald.

Send søknaden til:

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Dersom du får ei betalingsutsetjing, får du ein ny faktura frå oss.

Du kan ikkje få ei betalingsutsetjing viss du

  • har misleghalde kravet du søkjer om utsetjing for, det vil seie når fristen i varselet om tvangsinnkrevjing er passert
  • er under 18 år