Tjenestene for betaling og betalingsavtaler er ikke tilgjengelige fra 31. desember kl. 12:00 til 5. januar kl. 10:00
Du kan ikke betale, utsette eller dele opp kravet ditt i denne perioden.
1. januar 2026 får vi ny lov om innkreving, og flere innkrevingsmyndigheter slås sammen til én, Innkrevingsmyndigheten i Skatteetaten. Dette betyr at vi
- faser ut sismo.skatteetaten.no og flytter innholdet til skatteetaten.no
- bygger om og oppdaterer skatteetaten.no fra 1. januar og noen dager framover
Klage
Du har rett til å klage på avgjerslene våre. I nokre tilfelle må vi sende klagen din vidare til dei som oppretta kravet.
Klagen skal vere skriftleg og må innehalde
- kva du klagar på – til dømes trekk, saksbehandlinga, innkrevjinga eller skattemotrekning. Merk: Bedrifter og organisasjonar kan berre be om at det blir sett av pengar til livsopphald dersom bedrifta er eit enkeltpersonføretak.
- ei forklaring på kvifor du klagar
- kva du vil oppnå med klagen – til dømes at vi stansar trekk eller motreknar
- underskrift (fysisk eller elektronisk)
- relevant dokumentasjon
Innkrevjinga held fram til klagen er behandla
Merk at klagen din vanlegvis ikkje fører til at vi stansar innkrevjinga av kravet.
Fristar for å klage på avgjerslene våre
Klagefristane kan variere frå sak til sak. Du finn klagefristen som gjeld i saka di i breva frå oss.