Soning av bøter
Dersom du ikkje betaler ei bot du har fått, vil vi prøve å krevje inn bota med trekk i inntekta di eller vurdere å ta pant i eigedelane dine. Viss dette ikkje går, sender vi bota til politiet som då vurderer soning.
Soning av bøter vil seie at du anten må sone i fengsel eller at du får samfunnsnyttig teneste / bøteteneste.
Du kan ikkje velje å sone i staden for å betale – du må betale bota di dersom du har økonomi til det. Viss du derimot ikkje kan betale, avgjer politiet om du skal sone og korleis du eventuelt skal sone.
Det er for seint å få ein betalingsavtale når soningsoppmodinga er send til politiet
Når vi har sendt ei oppmoding om soning til politiet, er det for seint å få ein betalingsavtale med oss. Då er det politiet der du bur du må forhalde deg til. Det er også dei som avgjer når du skal bli kalla inn til soning.
Du kan betale inn på bota sjølv om du ikkje har ein betalingsavtale
Viss du betaler ned på bota i soningssaka di, melder vi frå til politiet om kor mykje du har betalt. Då blir det færre soningsdagar. Dersom du har betalt alt, ber me politiet om å avslutte saka.