Dekor lav

Utsetje eller dele opp betalinga

Dersom verksemda di har fått eit krav frå oss og ikkje kan betale alt med ein gong, kan det vere mogleg å få ei betalingsordning.

Du kan søkje om å utsetje eller dele opp betalinga.

Dette gjeld mellom anna forseinkingsgebyr, finanstilsynsavgift, sakskostnader, tvangsmulkt, straffegebyr, dokumentavgift og årsgebyr.

Du kan dele opp betalinga i seks avdrag.

 

Ta kontakt med oss dersom verksemda 

  • har meir enn eitt krav frå oss
  • har misleghalde kravet som du ønskjer å dela opp
  • ønskjer lengre nedbetalingstid enn seks månader eller eit månadsbeløp under 500 kroner

Send oss ein søknad med eit framlegg til ein avtale i posten eller med e-post:

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana

e-post: [email protected]

Sender du på e-post, må du

  • skrive referansenummeret til saka i emnefeltet og avslutte e-posten med organisasjonsnummer og namn
  • ikkje sende sensitive opplysningar eller privat informasjon 

Hugs dokumentasjon
Du må leggje ved ein kopi av den siste godkjende rekneskapen. 

Du kan få utsetjing på inntil to månader.

 

Ta kontakt med oss dersom verksemda 

  • har meir enn eitt krav frå oss
  • har misleghalde kravet som du ønskjer å utsetje