Dekor lav

Motrekning i pengar til gode

Dersom verksemda di skuldar oss pengar, kan pengar ho har til gode hos det offentlege bli brukt til å betale ned denne gjelda. Dette blir kalla motrekning. 

Du får eit brev frå oss med ei oversikt over kva for nokon krav som blir motrekna. Har du framleis pengar til gode etter motrekninga vår, får du utbetalt desse pengane.

Du kan klage på motrekninga viss 

  • du meiner at kravet ikkje er rett, det vil seie om du meiner at grunnlaget for kravet er feil
  • du har eit enkeltpersonføretak og du treng pengane til ditt eige livsopphald
Døme på grunnar som ikkje er gyldige i ein klage:
  • Du har bestilt ferie.
  • Du har eit privat lån du skulle løyse ut.
  • Du hadde tenkt å setje av pengane til sparing.

Ønskjer du å klaga på kvifor og korleis kravet ditt er oppstått, må du kontakte dei som eig eller har fastsett kravet.

Klagen må vere skriftleg og signert, og du må grunngi han. Hugs å leggje ved relevant dokumentasjon.

Send klagen til:

Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Klagefrist

Fristen for å klage er éin månad frå du fekk brevet om gjennomført motrekning.

Dersom du blir motrekna, vil du få eit brev frå Skatteetaten om at motrekninga er gjennomført. På det tidspunktet du får brevet, har vi allereie starta motrekninga for kravbeløpet som står i brevet, og vi kan då ikkje stoppe motrekninga.

Har du betalt for mykje, kjem vi til å betale tilbake pengane.