Dekor lav

Konkurs

Dersom bedrifta di eller organisasjonen din har gått konkurs, melder vi inn ubetalte krav frå oss til konkursbuet.

Å melde inn krav i konkursbuet, vil seie at vi prøver å dekkje ubetalte krav i samband med fordelinga av dei attverande verdiane i bedrifta eller organisasjonen. 

Styremedlemmar kan bli ansvarlege for forseinkingsgebyr

Dersom verksemda går konkurs eller blir sletta, forsvinn ikkje eventuelle forseinkingsgebyr for årsrekneskap som er leverte inn for seint. Styremedlemmar har solidarisk ansvar, som gjer at dei er medansvarlege for at gebyret blir betalt.