Få tilbake ved trekk i lønn
Dersom du har betalt inn for mykje til oss, kan du søkje om å få beløpet betalt tilbake.
Dersom du har trekt for mykje frå den tilsette og du har overført dette til oss, er det fint om du melder frå til oss om det, så gjer vi opp med den tilsette.
Slik kan du søkje om tilbakebetaling
Har du av ulike årsaker ikkje trekt lønn frå den tilsette, men du har betalt trekket i lønn til oss, må du søkje om å få pengane tilbake.
Send ein søknad med opplysningar om
- kva saka gjeld
- det feilutbetalte beløpet (kopi av bilag)
- namnet og referansenummeret på personen det gjeld
- lønnsslipp(ar) for arbeidstakaren for månaden(e) det gjeld
- kontonummeret for ei eventuell tilbakebetaling
Send brevet i posten til:
Statens innkrevjingssentral
Postboks 455
8601 Mo i Rana