Dekor lav

Om trekk i lønn hos tilsette

Som arbeidsgivar kan du få eit påbod om å trekkje ein tilsett i lønn og feriepengar for å dekkje eit krav som den tilsette ikkje har betalt.

Viss du må trekkje ein tilsett i lønn og feriepengar, informerer vi deg i eit brev. 

I brevet opplyser vi mellom anna om

  • grunnlaget for tvangsinnkrevjinga og kva kravtype det gjeld, til dømes om det er bøter, studielån, erstatningar eller anna
  • kor mykje du skal trekkje arbeidstakaren per månad
  • kva tid du skal avslutte trekket
Viktig informasjon

Dersom du som arbeidsgivar trekkjer ein tilsett i lønn og du ikkje betaler dette vidare til oss, blir verksemda di ansvarleg for beløpet.

Dersom det av ulike grunnar ikkje går å trekkje heile eller delar av trekkbeløpet, bør du som arbeidsgivar kontakte oss og informere om kva for eit beløp du betaler inn til oss og kva årsaka er til at du ikkje trekkjer alt.

Viss du trekkjer lønn frå ein tilsett som blir permittert eller er sjukmeld over lengre tid, må du kontakte oss og melde frå så snart du kan.

Når du melder frå til oss, kan vi føre trekket vidare til Nav. 

Viss arbeidstakaren har slutta, må du kontakte oss og melde frå med det same. 

Melder du ikkje frå til oss om at den tilsette har slutta, vil du få purringar om å trekkje den tilsette i lønn.

Du må også melde frå i a-meldinga om at arbeidstakaren har slutta.

Dersom du har trekt ein tilsett for mykje i lønn og betalt dette vidare til oss, kan du søkje om å få beløpet betalt tilbake.