Betale inn trekk i lønn hos ein tilsett
Dersom ein tilsett hos deg har eit ubetalt krav hos Statens innkrevjingssentral, kan du som arbeidsgivar få eit påbod om å trekkje den tilsette i lønna. Dette gjeld også feriepengar.
I brevet du har fått i Altinn finn du
- beløp
- KID-nummer
- informasjon om trekket
Betal til kontonummeret 7694 05 12057.
Viss du ikkje kan trekkje det pålagde beløpet, må du kontakte oss.
Viktig informasjon
Dersom du som arbeidsgivar trekkjer ein tilsett i lønn og du ikkje betaler dette vidare til oss, blir verksemda di ansvarleg for beløpet.